Tonstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. juni 2017 kl. 09:30 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tonstad er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sirdal kommune i Vest-Agder. Staden ligg i nordenden av Sirdalsvatnet, omtrent 57 kilometer nord for Flekkefjord, 55 kilometer nord-aust for Egersund og 103 kilometer vest for Evje. Tettstaden hadde 886 innbyggarar per 1. januar 2016. Tonstad var eigen kommune frå 1905 til 1960.

Sira-Kvina Kraftselskap har hovudkvarteret sitt på Tonstad. I fjellet her ligg også Tonstad kraftverk, eitt av dei største i Norge. Kyrkja er Tonstad kyrkje. «Sirdal skigymnas» ligg på vestsida av elva Sira, kort veg frå Tonstad sentrum.

Eksterne lenker