Stålevatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. juli 2015 kl. 11:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Litt om drenering til Kosåna)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stålevatnet er eit lite vatn på heia (415 moh.) omlag 4 kilometer vest for garden Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Vatnet ligg rett sør for Sveindalsvegen (Fylkesveg 42), mellom Tveit og Bjørndalsvatnet. I vestre enden av vatnet er det fleire fritidsbustader, og noko sør-vest for vatnet ligg det eit større hyttefelt. Det går veg (bomveg) inn til og vidare forbi vatnet frå Sveindalsvegen.

Stålevatnet drenerer til Kosåna-vassdraget. I vatnet ligg ein liten holme med det klingande namnet Kon-Tiki.

Kart

Laster kart...