Skilnad mellom versjonar av «Sparebankfurua»

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
s (finpuss)
s (Kategoritillegg)
Line 20: Line 20:


[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Kjente trær]]

Versjonen frå 21. august 2013 kl. 22:05

Sparebankfurua på Hornnes
Foto: Moisund.com ved Viggo Skagestad
Det flotte treet ligg i bakken
Foto: Moisund.com ved Viggo Skagestad

SparebankfuruaHornnes var eit velkjend syn for vegfarande etter riksveg 9, men den 10. mars 2008 måtte ho i velten. Furua hadde ein viss likskap med furua som sparebankane nyttar som logo, og difor fekk ho namnet.

Den rundt 200 år gamle furua sto rank og frisk ved innkjøyringa til Hornåsen litt sør for Dåsneskrysset. Statens vegvesen meinte at furua var fare for trafikken på staden, og av tryggleiksmessige omsyn måtte treet fellast. I 2007 hadde ein søkt Evje og Hornnes kommune om å få felle furua, men fekk då avslag. Når så furua allikevel vart hogge ned, vekte dette sterke reaksjonar i lokalmiljøet. I kommunen hadde ein ikkje kjennskap til at fellinga var i gang, så plan og miljøleiar Hildur Håkås var ikkje nådig i sin kritikk av vegvesenet, men til fånyttes. Var treet felt, så var det felt.

Eit år seinare vart det sett opp ein høg bautastein like ved, på motsett side. Dette er ein av fleire slike steinar som skal markera at ein nå køyrer gjennom Setesdal.

Kjelder:

Ekstern kjelde:

Sjå også: