Skipmannsheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. mars 2024 kl. 11:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til Trebukleiva)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eljannskleivan i Hægeland var den siste lange kleiva før dei vegfarande kom ned til Kile.

Skipmannsheia var eit namn ein tidlegare mykje brukte om heiedraget eller heieovergangen mellom Mosby i sør og Kile i Hægeland i nord. På dette strekket gjekk dei gamle vegane ikkje langs Otra. Dei eldste vegane her kan vere svært gamle, kanskje rundt tusen år. Det var gang- og kløvvegar. Den første ordentlege setesdalsvegen (køyreveg for hest og vogn) var ein samanhengande serie med kleiver: Moldkleiv, Trebukleiva, Buekleiv, Skottedalskleiva, Myrbotnkleiva, Knutskleiva, Almkleiv, Vassåsdalen, Lintjønnkleiva, Reiersdalskleiva, Helveteskleiva, Espelandskleiva, Tromyrkleiva, Sandkleiv og Eljannskleivan.

Kjelder