Skipmannsheia

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. mars 2024 kl. 10:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt + ekstra kilde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skipmannsheia var eit namn ein tidlegare mykje brukte om heiedraget eller heieovergangen mellom Mosby i sør og Kile i Hægeland i nord. På dette strekket gjekk dei gamle vegane ikkje langs Otra. Dei eldste vegane her kan vere svært gamle, kanskje rundt tusen år. Det var gang- og kløvvegar. Den første ordentlege setesdalsvegen (køyreveg for hest og vogn) var ein samanhengande serie med kleiver: Moldkleiv, Buekleiv, Skottedalskleiva, Myrbotnkleiva, Knutskleiva, Vassåsdalen, Lintjønnkleiva, Reiersdalskleiva, Helveteskleiva, Espelandskleiva, Tromyrkleiva, Sandkleiv og Eljannskleivan.

Kjelder