Setesdal Brannvesen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Hovudkvarteret på Verksmoen.

Setesdal Brannvesen er eit interkommunalt selskap for medlemskommunane Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Selskapet vart stifta i 2005 og har hovudkontor på VerksmoenEvje. Fungerande dagleg leiar er Olav Nese.[1] Han overtok etter at brannsjef Michael Kristensen slutta i stillinga. Føremålet med selskapet er å dekke kommunane sine behov, plikter og oppgåver i brann- og eksplosjonsvernlova.

Visjon, mål og oppgåver

Varabrannsjef Egil Kvitne under open dag på Evje brannstasjon 24. september 2016.

Setesdalsregionen skal til ei kvar tid ha ei optimal samfunnssikkerheit og beredskap i samband med store eller små ulykker. Alle innbyggjarane skal føle seg trygge uansett kvar ein bur i regionen, samt at det til ei kvar tid skal ytast ein høg kompetanse innafor feiing/tilsyn og brannførebyggande tiltak. Setesdal Brannvesen rykkjer ut ved Ulykkes- og katastrofesituasjonar som brann, redning og akutt forureining. Dei står for feiing og tilsyn med fyringsanlegg og arbeider aktivt med førebygging av brann og ulykker. Dei kan også utføre andre tenester som deltakarkommunane finn det føremålsteneleg å legge til selskapet og dei kan selje tenester knytt til førebyggande og beredskapsrelaterte oppgåver.

Brannstasjonar[2]

2009

Dettte året var eit aktivt år for Setesdal Brannvesen. Det var 155 utrykningar mot 130 i 2008 og talet på bygningsbrannar auka frå 3 til 13. Totalt gjekk brannvesenet med eit underskot på 700.000 kroner i 2009. Av dette kunne dei dekke 100.000 kroner sjølv, resten måtte dei få frå eigarkommunane.[3]

Referansar

Eksterne lenker