Nesetsvingen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. februar 2020 kl. 15:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av svingen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesetsvingen 7. februar 2020.

Nesetsvingen er den krappe svingen på Riksveg 9 inst i Nesvika, rett før ein kjem til Neset Camping frå sør. Svingen slik han ligg i dag blei bygd i 1972-1973. Det var opphaveleg tanken å bygge han litt lenger ut i bukta. Men fjorden var for djup, og fyllmassen seig ut. Svingen kom difor lenger inn enn planlagt, og blei noko skarpare enn meininga var.

Kjelder

Kart