Skilnad mellom versjonar av «Nese»
s (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning) |
s (Byttet ut bildet med ett med lavere oppløsning) |
||
Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Nese Bygland 050516-3.jpg|miniatyr|høyre|Nese sett frå [[Kvålsnapen]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | [[Fil:Nese Bygland 050516-3.jpg|miniatyr|høyre|Nese sett frå [[Kvålsnapen]]. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
[[Fil:Kvålsnapen Bygland 150516 (2)-3.jpg|miniatyr|høyre|Nese ligg vakkert i landskapet ved breidda av [[Byglandsfjorden]], med Kvålsnapen som stig opp bak garden. Til høgre er Bygland sentrum. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | [[Fil:Kvålsnapen Bygland 150516 (2)-3.jpg|miniatyr|høyre|Nese ligg vakkert i landskapet ved breidda av [[Byglandsfjorden]], med Kvålsnapen som stig opp bak garden. Til høgre er Bygland sentrum. {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
[[Fil:Nese bnr.1 Bygland 111116. | [[Fil:Nese bnr.1 Bygland 111116-3.jpg|miniatyr|høyre|Bruket "Nord på Nese" (bnr. 1). {{Byline|Geir Daasvatn}}]] | ||
'''Nese''' er ein gard (gnr. 35) i [[Bygland]]. Han ligg på eit nes i [[Byglandsfjorden]], ein kilometers veg nord-vest for Bygland sentrum. Det var eitt bruk på garden fram til byrjinga av 1600-talet. Då blei garden delt i dei to bruka «[[Nord på Nese (Bygland gnr. 35 bnr. 1)|Nord på Nese]]» og «Sør på Nese». [[Eivind Nese]] har Nord på Nese i dag. [[Salve Åmund Greibrokk]] eig Sør på Nese. I tillegg til dei to hovedbruka, er det fleire mindre eigedomar. | '''Nese''' er ein gard (gnr. 35) i [[Bygland]]. Han ligg på eit nes i [[Byglandsfjorden]], ein kilometers veg nord-vest for Bygland sentrum. Det var eitt bruk på garden fram til byrjinga av 1600-talet. Då blei garden delt i dei to bruka «[[Nord på Nese (Bygland gnr. 35 bnr. 1)|Nord på Nese]]» og «Sør på Nese». [[Eivind Nese]] har Nord på Nese i dag. [[Salve Åmund Greibrokk]] eig Sør på Nese. I tillegg til dei to hovedbruka, er det fleire mindre eigedomar. | ||
Siste versjonen frå 26. mars 2024 kl. 10:39
Nese er ein gard (gnr. 35) i Bygland. Han ligg på eit nes i Byglandsfjorden, ein kilometers veg nord-vest for Bygland sentrum. Det var eitt bruk på garden fram til byrjinga av 1600-talet. Då blei garden delt i dei to bruka «Nord på Nese» og «Sør på Nese». Eivind Nese har Nord på Nese i dag. Salve Åmund Greibrokk eig Sør på Nese. I tillegg til dei to hovedbruka, er det fleire mindre eigedomar.
Historie
Det er funne tre steinalderbuplassar på garden, og ei mengde gravhaugar og gravrøyser. Alle fornminna vitnar om busetnad og menneskeleg verksemd gjennom hundrevis av eller kanskje fleire tusen år.
Segna om Kong Hane er sterkt knytta til Nese. Nese skulle vere kongegard der Hane var konge på den tida Olav Haraldson (Olav den Heilage) var konge i landet. På Nese sin grunn er Hane etter segna gravlagt i Hanehaug. Men om det nokon gong har vore ein Kong Hane på Nese, er tvilsamt. I alle tilfelle er gravhaugen der han skal ligge mykje eldre enn Heilag-Olav, som døydde i 1030. Olav den Heilage var heller aldri i Setesdal.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 2012, side 15-181