Juel Lund (1869)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. august 2015 kl. 10:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (→‎Barn: piping)
Hopp til navigering Hopp til søk
Juel Lund (1869)
Født: 19. januar 1868
Død: 7. januar 1962 (93 år)
Primstaven.jpeg

Juel Lund (fødd 19. januar 1868 i Ørskog på Sunnmøre, død 7. januar 1962) var lensmann i Valle frå 1919 til 1939. Han overtok etter sin far, Ole Lund og hadde då vore hjelpelensmann (lensmannsbetjent) i lang tid. Han vart gift med Jorånd Røysland i 1893 og dei fekk 12 born.

Tarald Nomeland skriv om han: «Juel var ein kraftkar, rikt utrusta både fysisk og psykisk. Og han hadde givnader i mange leier. Han var lensmann og bonde, snikkar og smed, reingjætar og travkøyrar - og han kunne og ha vore ein god spelemann om han hadde hatt tid til å dyrke musikken. Men det hadde han ikkje, han hadde alltid hendene fulle av arbeid og oppgåver. Av natur var han godmodig, lenten og morosam, romsynt og vensæl og eit mønstermenneske i all si ferd.»

Juel Lund skreiv den siste delen av boka Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad. Han skreiv også boka Primstaven, som kom ut på Fonna forlag i 1941.

Heder

  • H.M. Kongens medalje for borgerdåd for sitt arbeid på det kulturelle og økonomiske området, særleg for arbeid for betring av næringane og kommunikasjonane i Øvre Setesdal

Barn

Kjelde