Fjellgardane kyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellgardane kyrkje frå vest
Foto: Siri Johannessen

Fjellgardane kyrkje (tidlegare kalla Hovden kapell) er ei langkyrkje bygd i tre i 1957. Kyrkja ligg sentralt på Hovden i Bykle kommune. Arkitekt var Torjus Bjåen. Else Marie Jakobsen har laga eit antependium på 70 x 200 cm til kyrkja med tittel «Skal dei verta som den kvite ull».

Bjarne Tveiten om kyrkja

2. september 1957, ein fin haustdag, blei Hovden kapell, eit såkalla langkyrkjebygg, vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt. Dei totale kostnadene var fram til sommaren 1958 på vel 58.000.- kr. Av dette hadde byggmeistar Åsmund Haugarne frå Edland fått 53.745.- kr. Gratis tømmer, tallause dugnadstimar og gåver gjer at dei reelle kostnadane nok var betydeleg høgare. Det meste av dei knapt 60.000.- kronene var samla inn på basarar og kronerulling, som begynte så tidleg som i 1944. Kyrkjegarden blei offisielt vigsla den 9. juli 1950.

O. Olsen og søns Klokkestøperi i Nauen utanfor Tønsberg leverte klokka, Olav Jeiskeli støypte fundamentet og Ånund P. Tveiten gjorde snikkararbeidet slik at klokkestupulen kom på plass i 1951. Kunstnaren Finn Emanuel Olsen har laga altarmåleriet (1959). Dreng Lien frå Valle hadde ansvaret for altar og altarring, døypefont og talarstol. Dette var på plass i løpet av våren 1959. Dr. Barstad og kona gav i 1960 kyrkja eit praktfullt krusifiks og to store lysestakar. Torbjørg Bjåen kom samstundes med ein ny golvløpar. Else Marie Jakobsen laga eit antependium til kyrkja i 1970. Bårehuset, som har plass til eit reiskapsrom og lager, stod ferdig i 1999.

Arkitekt for Hovden kapell, frå 2002 Fjellgardane kyrkje, var Torjus Bjåen.

Det flekkverksgjerdet som blei sett opp på 1950-talet, blei på 1960-talet skifta ut med eit steingjerde.

Shippingmannen Johan G. Olsen betalte rekninga då varmeomnar og lys kom på plass i 1958. Same mannen gav kyrkjelyden på eit «trø-orgel» (Chicago Cottage Harmonium) i 1960. Det nye orgelet blei innvigd 7. januar 1996. Det har sju stemmer og til saman 354 piper. Den endelege utforminga var drøfta fram av orgelbyggaren Nils Arne Venheim, konsulenten Stein Johannes Kolnes og Bykle sokneråd. Akustikken hadde vore dårleg, men mens orgelet vart montert, fekk taket skikkeleg isolering – og akustikk. Samla pris var ca. 680.000.- kr.

Eksterne lenker


Bykle komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bykle kommune
461px-NO 0941 Bykle.svg.png
Bykle nye kyrkje · Bykle gamle kyrkje · Fjellgardane kyrkje
Byklum bedehus · Hoslemo bedehus · Klippen Bykle · Trydal bedehus
Bykle samfunnshus · Hovden grendehus