Evje Rørservice

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. april 2024 kl. 07:52 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Geir Daasvatn flytte sida Evje Rørservice Øystein Lien til Evje Rørservice: Endring av namn etter eigarskifte)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kontoret og verkstaden til Evje Rørservice på Verksmoen.

Evje Rørservice er eit røyrleggjarfirma i Evje. Kontorstad og verkstad er i Verksvegen 24 på Verksmoen, i dei lokala der Setesdal Bilruter tidlegare hadde godsterminal. Dagleg leiar er Øystein Lien. Han skipa firmaet i 2007.

Driftsinntektene i 2015 var 5,2 millionar kroner. Dei seinare åra har dei vore rundt 6–7 millionar kroner i året. Det er tre montørar og ein lærling i firmaet pr. 2024. Administrasjonen er felles med Evje Elektriske.

Historie

I 2017 kjøpte ERV Teknikk Lyngdal seg inn i verksemda, og fekk ein eigarandel på 50 prosent. Noko seinare overtok Evje Elektriske eigarskapen, med ERV som medeigar.

Kjelder