Evje Rørservice
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kontoret og verkstaden til Evje Rørservice på Verksmoen.
Foto: Geir Daasvatn
Evje Rørservice var eit røyrleggjarfirma på Evje. Kontorstad og verkstad var i Verksvegen 24 på Verksmoen, i dei lokala der Setesdal Bilruter tidlegare hadde godsterminal. Dagleg leiar var Øystein Lien. Han skipa firmaet i 2007. I 2025 blei verksemda slege saman med Evje Elektriske til ERV Evje AS.
Driftsinntektene i 2015 var 5,2 millionar kroner. Dei seinare åra var dei rundt 6–7 millionar kroner i året. Det var tre montørar og ein lærling i firmaet pr. 2024. Administrasjonen den siste tida var felles med Evje Elektriske.
Historie
I 2017 kjøpte ERV Teknikk Lyngdal seg inn i verksemda, og fekk ein eigarandel på 50 prosent. Noko seinare overtok Evje Elektriske, med ERV Teknikk Lyngdal som største eigar, eigarskapen.
Kjelder
- Om Evje Rørservice på Proff.no
- Sigurd Haugsgjerd, – Det grøne skiftet gir meir arbeid, artikkel på Setesdølen.no 3. april 2024
- Offisiell åpning av nye lokaler, annonse i Setesdølen nr. 26, 2025, side 10