Bykildammen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. august 2015 kl. 10:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bykildammen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bykildammen var ein 75 meter høg betongdemning som kraftutbyggarane på 1960-talet ynskte å bygge ved Bykil sør for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved Byklestigen, akkurat der Setesdal er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også Botsvatn i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.

Motstanden mot prosjektet var stor i Bykle. Til slutt vart planane stansa av regjeringa Borten i 1969. Men sigeren hadde ein bismak. 16 av dei 24 gardsbruka i Nordbygdi ved Botsvatn vart likevel neddemde, då det i staden for dam ved Bykil nokre år seinare vart bygd dam ved Botsvatn.

Kjelder