Bjørgulv Straume
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørgulv Straume | ||
---|---|---|
Bjørgulv Straume (til venstre) saman med Øystein Kikut | ||
Født: | 11. august 1938 | |
Død: | 6. april 2024 (85 år) |
Bjørgulv Straume (fødd 11. august 1938 i Hylestad) er folkemusikar, kvedar og munnharpesmed. Han lærte kveding som barn av Gro Heddi Brokke og Tarjei Brokke. Seinare vart han inspirert av Torleiv H. Bjørgum til å spele munnharpe. Slåttar lærte han seg ved å høyre på opptak av munnharpe og hardingfele. I tillegg har han komponert eigne slåttar for munnharpe. Han har halde konsertar i inn- og utland og hatt mange kurs i munnharpespel.
Bjørgulv Straume er gift med Hanne Tangeraas Straume. Dei bur i Brokkevegen 75
Prisar
- Vinnar av Setesdalskappleiken i munnharpespel og kveding 1988
- Vinnar av landskappleikane i 1990 og 1991
Heider
- Heidersmedlem i Setesdal Spelemannslag (2016)
Diskografi
- Hrynhent Møte mellom kunstmusikken og folkemusikken Saman med pianisten Øystein Kikut
- Frå ætt til ætt 1996
- Luftslaget 1990 - kassett
- Med på
- Frå Senegal til Setesdal med Kirsten Bråten Berg
- Pilgrimen med Kirsten Bråten Berg, Svein Tindberg og Jan Erik Pettersen
Eksterne lenker
- Bjørgulv Straume hos nrk.no
- Bjørgulv Straume lagar munnharpe
- fanitullen i setesdal(munnharpe)
- Fanitullen - Bjørgulv Straume.wmv hos youtube
- Bjorgulv Straume Workshop
Kjelder
- Ole Birger Lien, Bjørgulv Straume heidersmedlem, artikkel i Setesdølen nr. 101, 2016, side 3
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 27, 2024, side 2
- Hallvard T. Bjørgum, Bjørgulv Straume er slokna, minneord i Setesdølen nr. 27, 2024, side 3