Tveitebø
Tveitebø er ei vestvendt grend i Valle som ligg mellom grenda Homme og garden Jordet i hellinga opp mot Setesdal austhei, nord for Valle sentrum. Grenda ligg langs Tveitebøvegen og Espetveitvegen. Bispevegen, som bind Setesdal og Telemark saman frå gamalt av, går upp mot Vrålskred og Rolvskvil frå Haugum. I grenda er jorda god, og i Tveitebølii finst skog.
| Gardens namn | g.nr. | |
|---|---|---|
| Espetveit | 32 | |
| Haugum | 33 | |
| Nørdre Hoftuft | 34 | |
| Syndre Hoftuft | 35 | b.nr. 1 ligg i Sæstad |
| Kvòsåk | 36 | b.nr. 1 ligg i Sæstad |
| Myrum | 37 | b.nr. 2 ligg i Sæstad |
| Holum | 38 |
Kjelder
- Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge bind V, s. 7-12. Bergen 1987, ISBN 82-99133440.