Hopp til innhald

Birgit Attestog

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. september 2014 kl. 10:43 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
Birgit Attestog
Født: 1955 (alder 70–71)

Birgit Attestog (fødd 1955) er rektor på Setesdal vidaregåande skule. Ho bur på Lauvdal i Bygland kommune og før ho vart rektor med arbeidsstad på Hornnes, arbeidde ho som lærar og rektor i Bygland kommune i 28 år. Utdanninga si har ho frå Hornnes gymnas og Kristiansand lærarskule. I 2004 tok ho hovudfag i norsk/nordisk. Oppgåva hennar var «Jeg er Setesdøl, jeg». Setesdalsmålet - eit talemål i utvikling eller avvikling? Kristiansand 2004.

Ho har vore engasjert i mållagsarbeid og vore redaksjonsmedlem i Jol i Setesdal i fleire år.