Tveit (Evje)
Tveit, gard (gardsnr. 58 i Evje og Hornnes kommune) i Evje rett før ein kjem til Flatebygd langs fylkesvegen til Gautestad. Tveit er nabogard - etter klokka - til Odde, Evje (Prestegarden), Nordbø og Flåt. Tveit har truleg gått ut frå den nordlege garden Nordbø. Kanskje det var på 800-talet at Tveit vart sjølvstendig gard.
Nord for Tveit renn Tveitåna (Nordåna). Sør for garden renn Flåtåna (Søråna). I Tveit byrjar Stafossvegen, ein skogsbilveg som går nordover heilt fram til Årekleppvatnet opp mot Årdalsknapen.
Bruka på Tveit
- Der Nor, bnr. 1, Tveit i Flatebygd
- Hagebrotet, bnr. 2, Tveit i Flatebygd
- Bråbakkane - Tveit i Flatbygd
- Vestøl - Tveit i Flatebygd
- Der ute, bnr. 3, Tveit i Flatebygd
- Lilletveit, bnr. 6 og 10, Tveit i Flatebygd
- Der Heime, bnr. 5, Tveit i Flatebygd
- Lunnebakken - Tveit i Flatebygd
- Dølehagen, bnr. 7, Tveit i Flatebygd
- Der Nede, bnr. 4, Tveit i Flatebygd
- Ekreplassen - Tveit i Flatebygd
Kjelder
Arvid Tveit (Evje) og Oddmund Mogstad, Tveit i Evje, artikkel i Arnstein, 2003, s. 21-33