Jørgen Nordbø
Jørgen Nordbø, fødd 30. september 1920 og død 27. april 1979, var ein framifrå skihoppar frå Evje. Han representerte Evje AIL.
Nordbø slo igjennom for fullt som 18-åring vinteren 1939, og fram til krigen framstod han som den klart beste hopparen i Vest-Agder skikrins. I fleire renn tevla han med dei aller beste hopparane i landet. Under eit hopprenn i Ørnefjellbakken i Evje 19. mars 1939 hoppa han 48,5 meter og sette bakkerekord. I eit nytt renn i Ørnefjellbakken 12. mars 1940 landa han på 51 meter, som var ny bakkerekord igjen. I mars 1940 vart han Sørlandsmeister i hopp i eit renn på Vegårshei. Både i 1939 og 1940 blei han norsk meister for juniorar tilslutta arbeidaridrettslaga.
Også etter krigen var Jørgen Nordbø i fleire år den fremste hopparen på Sørlandet.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010, s. 18
- Erik Kjebekk, Dyktige skihopparar frå Flatebygd, artikkel i Arnstein, 2010, s. 6-13