Galteland-steinen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. juli 2014 kl. 14:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk

Galteland-steinen er ein runestein som stod på Listeinsmoen i Evje frå ca år 1016 til ca år 1750. Han var 6 1/2 fot høg, 1 1/2 fot brei ved rota og 7 tommar i toppen. Innskrifta på steinen, slik dei lærde tolkar ho, fortel at steinen vart reist av Arnstein, til minne om son sin Bjor, som fall i hæren då Knut den Mektige hærtok England.

Steinen blei teken ned ca år 1750 og frakta til Galteland, der han blei sett opp på bruk nr. 2. Seinare, i 1855, vart steinen slegen i sund i sju delar, og murde inn i ein skorstein på garden.

I 1875 kom steinen i sju delar til Universitetets Oldsaksamling. I dag er han restaurert ut frå desse sju delane, og er utstilt i Historisk museum i Oslo.

Kjelde

Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1 (1990), s. 57-60