Ljosland
Ljosland er den nordligste grenda i Åseral kommune, 22 km nord for Kyrkjebygd. Staden var truleg befolka alt i jernalderen. Etter Svartedauden var det lenge eitt bruk, men på 1600-talet vart det delt i fire bruk, og sidan vart desse delt att. På det meste var det 12 bruk og 89 personar som budde på Ljosland, og skulen hadde 17 elevar. I 2010 er skulen borte og det bur om lag 20 personar i grenda, som er blitt ein utfartsstad for folk frå kysten som søker vinter og snø. Frå Mandal er det 104 km, frå Kristiansand 106 km om ein køyrer via Hægeland og Bjelland.
I 1892 fekk bygda kyrkjegard, slik at dei slapp å frakte dei døde til Åseral kyrkje. Men Ljosland kapell kom ikkje før i 1959.