Hopp til innhald

Grendi

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. desember 2013 kl. 11:42 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Grendi sett frå Tveitå.
Foto: Reidar Tveito

Grendi er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden i sør Bygland kommune, men nord for Byglandsfjord. Bygda ligg 18 km sør for Bygland sentrum. Det er fleire verksemder i Grendi. Om ein kjem Riksveg 9 frå nord, kjem ein først til Grendi Handel som blei nedlagt i desember 2013 på austsida av vegen. Like etter kjem ein til Årdal kyrkje, på vestsida av vegen og kyrkjegarden på austsida. Like etter kyrkja er det eit vegkryss der vegen fører opp til Landeskogen. Heilt sør i Grendi ligg Almedal sagbruk.

Bygda hadde tidlegare barneskule. Den er no gjort om til grendehus. Staden hadde tidlegare postkontor med postnummer 4742 Grendi og seinare post i butikk.

Kart

Laster kart ...