Grendi
Utsjånad

Foto: Reidar Tveito
Grendi er ei bygd på austsida av Byglandsfjorden i sør Bygland kommune, men nord for Byglandsfjord. Bygda ligg 18 km sør for Bygland sentrum. Det er fleire verksemder i Grendi. Om ein kjem Riksveg 9 frå nord, kjem ein først til Grendi Handel som blei nedlagt i desember 2013 på austsida av vegen. Like etter kjem ein til Årdal kyrkje, som ligg på vestsida av vegen med kyrkjegarden på austsida av den. Like etter kyrkja er det eit vegkryss der vegen fører opp til Landeskogen. Heilt sør i Grendi ligg Almedal sagbruk.
Bygda hadde tidlegare barneskule. Den er no gjort om til grendehus. Staden hadde tidlegare postkontor med postnummer 4742 Grendi og seinare post i butikk.