Rekevik
Utsjånad
Rekevik er ein stad på Øyna, ei lita vik i Otra, i Iveland kommune.
Før oppdemminga av Gåseflåfjorden fyrst på 1950-talet var det eit fall på om lag seks meter, Soga, frå Kilefjorden ned til Rekevik.
Etter at Gåseflådammen kom fyrst på 1950-talet, og vasstanden oppover i elva blei heva, blei tømmerstokkane som kom drivande enkeltvis nedover frå Soga samla igjen ved Rekevik. Tømmeret blei lagt i ein ringbom og teke samla ned til dammen.
Kjelder
- Salve Øina, Brev frå ei øy, eige forlag, 2018, side 28 og side 193.