Gangar
Utsjånad

Gangar eller gangardans er den vanlege folkedansen i Setesdal. Det er ein ringdans der dansarane byter dansepartnar medan dei går i ringen.
Etter at folkemusikk og dans i Setesdal kom på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv har det blitt aktuelt å ha opplæring i dansen i skulane. I juni 2026 samla 152 elevar frå Bykle skule, Valle skule og Bygland skule seg på Bygland Tun til avslutning på prosjektet Gorrlaus. Instruktørane var Vegar Vårdal og Maija Lindås og Setesdal Toraderlag stod for musikken. Aldri før hadde det vore så mange som dansa gangar saman, så då vart det verdsrekord.
Kjelde
- Åsne Jørstad Daasvatn: Ny verdsrekord i gangardans. Artikkel i Setesdølen nr. 44, 2026 side 4-5