Stoi (Uppstad)
Stoi var ein husmannsplass på det området som no (2026) er gnr. 60 bnr. 19 på Uppstad i Hylestad. Tarjei Torsson Helle (f. 1839, d. 1908) var rydningsmannen. Kona heitte Ragnhild Hallvardsdotter Berg (f. 1838, d. 1916). I tillegg til å drive plassen hadde Tarjei ymse slag arbeid.
Det skal berre vere Tarjei og Ragnild og borna deiras som har budd i Stoi.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 518–519