Åse Auversdotter Dysje
| Åse Auversdotter Dysje | ||
|---|---|---|
| Født: | 1863 | |
| Død: | 6. oktober 1910 (alder 46–47) | |
Åse Auversdotter Dysje (fødd 1863, død 6. oktober 1910) var bondekone på Strandestøyl og Nedre Dysje i Botnen i Bykle. Åse var fødd på Hisdal og vaks opp der og seinare på Nordstog Bratteland i Botnen. Ho var frå 1885 gift med Andres Torleivsson Strandestøyl (f. 1845). Andres døydde i 1905. Åse selde Nedre Dysje til Thorvald Meyer Heiberg i 1908.
6. oktober 1910 omkom Åse og dottera Borghild i ei tragisk drukningsulykke i Dysjesundet på Botsvatn.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle, band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 34
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 296–297
- Eivind Bratteland, Dysjesoga, eige forlag, 2018, side 68–69