Anne Aanundsdotter Nesland
Anne Aanundsdotter Nesland (fødd 1822, død 1908) frå Bratteland i Botnen i Bykle emigrerte til Amerika i 1846 saman med ektemannen Bjørgulf Knutsson Nesland og foreldra sine Aanund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter Skolås. I Amerika tok ho etter kvart namnet Annie Newton.
Huslyden slo seg først ned i Rock River Settlement i Wisconsin. Etter 9–10 år der reiste dei vidare til Otisco Township, Waseca County, Minnesota. Seinare flytta dei nok ein gong, no til Fishers Landing i Polk County, nokre mil sør for Grand Forks, i Minnesota. Det er uvisst når ektemannen Bjørgulv døydde. Men Anne døydde i Thief River Faals, Pennington County, Minnesota, i 1908.
Anne og Bjørgulv fekk dottera Kjersti i 1845. Men ho klarte ikkje det første leveåret sitt. I Amerika fekk dei iallfall treborn til; Knute (f. 1847), Aanund og Ole.
Kjelder
- Aanund Olsnes, Heimar og folk i Bykle]], band III, utgjeve av Bykle kommune, 2006, side 152–153
- Olav M. Holen, Amerikafeber i Setesdal, eige forlag, 2024, side 60 flg.