Hopp til innhald

Anne Aanundsdotter Nesland

Frå Setesdalswiki
Anne Aanundsdotter Nesland
Født: 1822
Død: 1908 (alder 85–86)

Anne Aanundsdotter Nesland (fødd 1822, død 1908) frå Bratteland i Botnen i Bykle emigrerte til Amerika i 1846 saman med ektemannen Bjørgulf Knutsson Nesland (f. 1820, d. 1897) og foreldra sine Aanund Mikkelsson Bratteland og Kjersti Olavsdotter Skolås. Dei og nokon fleire var den første gruppa frå Bykle som emigrerte til Amerika. I Amerika tok Anne etter kvart namnet Annie Newton.

Huslyden slo seg først ned i Rock River Settlement i Wisconsin. Etter 9–10 år der reiste dei vidare til Otisco Township, Waseca County, Minnesota. Her var Anne jordmor for naboane. Ho skal ha teke imot om lag 200 born i den tida ho var i Otisco. Seinare flytta dei nok ein gong, no til Fishers Landing i Polk County, nokre mil sør for Grand Forks, i Minnesota. Ektemannen Bjørgulv døydde i 1897. Anne døydde i Thief River Falls, Pennington County, Minnesota, i 1908.

Anne og Bjørgulv fekk dottera Kjersti i 1845. Men ho klarte ikkje det første leveåret sitt. I Amerika fekk dei iallfall tre born til; Knute (f. 1847), Aanund og Ole.

Kjelder