Høystakk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2026 kl. 11:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein Høystakk var høy som var trødd i hop rundt ei stong i friluft. Stonga eller stolpen som stod midt i stakken var gjerne kalla sneisa.

I botnen av stakken, rundt sneisa, blei det lagt eit lag av kvistar. Oppå kvistane la dei høyet. På utsida sletta dei høyet slik at regnvatn mest mogeleg rann av. Med jamne mellomrom oppover i stakken blei det lagt kraker laga av bjørkegreienr, ein slags armering som batt stakken saman og samstundes gjorde at luft slapp til. Utanpå stakken sveipte dei vindverjer laga av ungbjørker som hindra at vinden reiv stakken i stykker. Heilt i toppen la dei på ei torv som tekkja stakken.

Kjelder