Kyrkjeåsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. desember 2025 kl. 13:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kyrkjeåsen er eit lite småbruk (gnr. 56 bnr. 64) og ein tidlegare husmannsplass under Evje prestegard på ei lita høgde like sør-aust for Evje kyrkje. Plassen er skild ut frå gnr. 56 bnr. 5 i 1942. Heimelshavar (2025) er Solveig Marie Lislevand (f. 1929). Fleire bustadhus er oppført her i nyare tid.

Husmannsplass

Iallfall frå folketeljinga i 1865 var det folk i Kyrkjeåsen. Husmannen då heitte Samuel Stillesen. Han var 74 år og enkemann. Son til Samuel, Gunder, sat seinare også ei tid som husmann i Kyrkjeåsen. Etter han igjen heitte husmannen Gunder Torjesen.

Kjelder

Kart