Kvernetjønn (Tønnesland)
Utsjånad
Kvernetjønn er eit lite vatn på Tønnesland, på heia vest for Moisund, i Hornnes.
Frå tjønna renn ein liten bekk ned lia til Storebekk. Langs denne bekken låg det fleire kvernhus, og Kvernetjønn var truleg stemt opp for å samle vatn til malinga.
Det går skogsbilveg (stengt ved innkøyringa) frå Tønnesland inn til tjønna.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Geir Daasvatn, besøk på staden, dokumentert med bilete