Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2025 kl. 20:32 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Sigurd Sordal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framsida.

Ein historisk stad. Liv og lagnad i Austad sokn er ei historiebok om nokre sentrale kulturminne, segner og bygdefolk i Austad sokn nord i Bygland. Boka er skrive av Vilborg Stubseid Hovet og utgjeve av Setesdalsmuseet i 2024. Utgjevinga er eit samarbeid mellom forfattaren, Setesdalsmuseet og Austad Gama. Bygland kommune, Agder fylkeskommune, Bygland Mållag og Austad Gama finansierte trykkinga. Leonhard Jansen var konsulent for Vilborg i skriveperioden, og mange andre gav gode råd, kommentarar, nyttige innspel og oppmuntring. Grafisk formgjeving og trykk: Synkron Media. Boka har 224 sider, og kostar 300 kroner. ISBN 978-82-92541-16-6.

Innhald

  • Føreord
  • Innleiing
  • Stavkyrkja ca. 1200–1668
  • Tømmerkyrkja 1668–1878
  • Austadportalen
  • Kyrkjegarden
  • Bygdefolk
  • Litteratur
  • Foto

Kjelder

  • Boka

Eksterne lenker