Skrelandsvegen
Skrelandsvegen går frå Jordalsbø til garden Skreland i Bygland. Han er om lag 2 km lang. Litt før Skreland går vegen over Nordåni på Skrelandsbrua. Vegen er ganske bratt. Han stig 150 meter på dei to kilometerane, ei stigning på 7-8 prosent.
Historie
Køyreveg til Jordalsbø stod ferdig i 1900. I juni 1911 kom arbeidet med veg vidare til Skreland i gang. Veganlegget stod ferdig i juli 1915. I 1959 blei den opphavelege trebrua over Nordåni erstatta av ei betongbru.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 448–449