Øvre- og Nedre Åmtjønn
Øvre- og Nedre Åmtjønn er to små vatn som berre er skilde av ein liten bekk på nokre få meter på heia (603 moh.) vest for det større Ormslivatnet, vest for Dale i Bygland. Frå Åmtjønnan renn vatnet ned i Muggetjønn, vidare via Muggetjønnbekken til Ormslivatnet og derfrå via Veråni vidare austover og ned dalsida til Byglandsfjorden. Dei to små tjønnane høyrer såleis til Otravassdraget.
Kjelder
- [Reidar Tveito]], Veråni (hefte), utgjeve på eige forlag, 2016, side 8–9