Kvernåni (Langeid)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2025 kl. 08:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei flaumstor Kvernåni 21. september 2018.
Ein kvernstein som ligg att langs elva 16. april 2025.

Kvernåni er ei elv langt sør på Langeid i Bygland. Ho kjem frå Øvre Stemtjønn og Nedre Stemtjønn oppe på Langeidsheia, renn ned dalsida og ut i Otra frå vest ved Krokå.

I elva låg kvernene i garden. Det var stem i elva oppe på heia. Bøndene stemde opp om kvelden, så dei kunne male på kvernene om dagen. Etter 2. verdskrigen var det slutt på å male kornet sjølv, og kvernene blei borte.

Kjelder

Kart

Laster kart ...