Kvernåni (Langeid)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei flaumstor Kvernåni 21. september 2018.
Ein kvernstein som ligg att langs elva 16. april 2025.

Kvernåni er ei elv langt sør på Langeid i Bygland. Ho kjem frå Øvre Stemtjønn og Nedre Stemtjønn oppe på Langeidsheia, renn ned dalsida og ut i Otra frå vest ved Krokå.

I elva låg kvernene i garden. Det var stem i elva oppe på heia. Bøndene stemde opp om kvelden, så dei kunne male på kvernene om dagen. Etter 2. verdskrigen var det slutt på å male kornet sjølv, og kvernene blei borte.

Kjelder

Kart

Laster kart ...