Hægeland bygdemuseum

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Hægeland bygdemuseum er eit lokalmuseum for tidlegare Hægeland kommune. Det ligg på Eikeland i Hægeland, rett ved sida av Riksveg 9. På museumsområdet står mellom anna ei bygdemølle som først låg ved Eljansåna, ei landbrukssamling, ei stavsag, ein magasinbygning og Eikeland gamle skule.
Kjelder
- Oddvar Moen, Hægeland møllehistorie 1918–2018, utgjeve av Hægeland sogelag, 2018
- Hægelandskalenderen 2025, utgjeve av Hægeland sogelag