Eljansåna

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit lite fossefall i Eljansåna rett før ho renn ut i Kilefjorden.
Eljansåna på Hommeneset, kort etter utlaupet frå Hægelandsvatnet, 30. juni 2024.
Foto: Geir Daasvatn
Eljansåna like aust for Riksveg 9 på Homme i Hægeland 22. mars 2025.
Foto: Geir Daasvatn

Eljansåna er ei sideelv til OtraHægeland nord i Vennesla kommune. Ho kjem frå Hægelandsvatnet, og renn i nord-austleg retning og ut i Otra i søre enden av Kilefjorden ved Kile.

Elva renn gjennom eit lite dalføre som strekk seg frå søre enden av Kilefjorden sør-vestover omtrent til Hægeland kyrkje. Under siste istida har dette dalføret truleg vore fylt av ein bredemd innsjø. Smått om senn smelta isen som demde opp dalføret, og innsjøen vart tappa ut. Hægelandsvannet er siste resten av den store innsjøen. I dalføret ligg det svære grusavsetningar avsette etter vatn. I desse mektige grusavsetningane har Eljansåna grave seg ned medan ho buktar og svingar seg gjennom dalen mot Kilefjorden.

Kjelder

Kart

Laster kart ...