Oddvar Moen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Oddvar Moen![]() | ||
---|---|---|
Født: | 1942 (alder 82–83) |
Oddvar Moen (fødd 1942) er frå Sokndal i Sør-Trøndelag, men bur på Kile i Vennesla frå 1995. Han studerte ved Trondheim lærarhøgskole og var lærar i Surnadal og Iveland før han vart pensjonist. Han har vore engasjert politisk i Senterpartiet, der han har vore sekretær i lokallaget. Han er også med i Hægeland sogelag og i arbeidet med Hægelandskalenderen, noko som har gjort han interessert i lokalhistorie. Denne interessa har ført til at han til Grunnlovsjubileet 2014 skreiv eit tidsbilete av Hægeland. I 2018 var han forfattaren av boka Hægeland møllehistorie 1918–2018, som sogelaget gav ut. Han er også leiar i Vennesla Dialekt- og Mållag.
Kjelder
- Oddvar Moen si Facebookside
- Artikkel i Vennesla Tidende
- Vennesla Dialekt- og Mållag
- Vennesla Senterparti 2011