Straumsfjordstemmen
 
   
   
  Straumsfjordstemmen var ein fløytingsdam i Straumsfjorden i Bygland austhei rundt 3 km frå fylkesgrensa til Telemark. Ut av Straumsfjorden renn Kilsåne ned gjennom dalen til Topsæ som også var regulert for tømmerfløyting med Topsæstemmen. Bilete 1 viser stemmen sett nedanfrå og Bilete 2 viser stemmen sett ovanfrå. Bilete 3 viser eit bilete av stemmen i påska 2020.
Straumsfjordstemmen som blei bygd i 1935 er yngre enn Grøssæstemmen og Topsæstemmen og er mura opp av gråstein med sementpuss på sida mot bassenget. Reguleringshøgda i Topsæ og Grøssæ var 2 m og demde opp henholdvis 4 og 8 mill. m3. Reguleringshøgda i Straumsfjorden var 4 m og demde opp 32 mill. m3. Ved hjelp av desse tre reguleringsdammane kunne ein samle opp flaumvatnet, spesielt under snøsmeltinga om våren. Så kunne ein sleppe ut vatn når ein trong det til fløyting nedover heile Tovdalselva. Det var faste datoar om våren dammane måtte vere tømt. Før 1935 var der tømra bomkar fylte med stein slik som Grøssæ- og Topsæstemmen. Nedanfor er det ekstern lenke til eit bilete hos Digitalt Museum som viser korleis den gamle stemmen såg ut.
Ånund Eldhuset kan fortelje at han og Olav G. Nordgarden blei frakta med helikopter inn til Straumsfjorden hausten 1978. Dei gjorde vedlikehald på stemmen og fornya sementpussen.
Kjelder
- Tønnes Hagestad, Fløtningens historie i Otra og Tovdalselva, 1988, side 53-54
- Basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)