Gyro Heia
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gyro Heia![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Født: | 13. april 1981 (44 år) |
Gyro Heia (fødd 13. april 1981) er frå 1. juli 2024 tilsett som moglegheitsutviklar i Bygland kommune.
Gyro var NAV-leiar i Iveland kommune frå 1. september 2011, då ho overtok etter Signe Gunn Ropstad. Frå hausten 2019 til hausten 2023 var ho ordførar i Birkenes. Ho var den første kvinnelege ordføraren i Birkenes nokon gong. Ho representerer Senterpartiet. Etter valet hausten 2023 mista ho vervet som ordførar i Birkenes. Ho var då tilbake i NAV fram til sommaren 2024.
Gyro bur på Vestre Haukom i Vegusdal i Birkenes, men kjem opphavleg frå Heistad i Bygland. Ho er utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i leiing og administrasjon.
Kjelder
- Ny NAV-leiar i Iveland. Artikkel i Setesdølen nr. 71, 2011 side 2
- Artikkel om Gyro Heia på heimesida til Birkenes kommune
- Sigurd Haugsgjerd, Byglandsjente ny ordførar i Birkenes. Artikkel i Setesdølen nr. 71, 2019, side 3
- Oversikt over politisk leiing i Birkenes kommune på heimesida til kommunen
- Gyro Heia skal omstille Bygland, stykke i Setesdølen nr. 21, 2024, side 8
- Sigurd Haugsgjerd, – Klart eg er ein optimist!, artikkel i [Setesdølen nr. 58, 2024]], side 6