Haukom Vestre (Birkenes gnr. 142)
Hopp til navigering
Hopp til søk

Bnr. 1. Våningshuset skal vere bygd i 1735, men er seinare modernisert.
Foto: Geir Daasvatn
Haukom Vestre er ein gard (gnr. 142) nord for Vassvatn i Vegusdal i Birkenes. Garden ligg innerst i ein dal, med heier på alle kantar og opning mot sør. I aust grensar garden mot Myklebostad og Engesland Øvre. I sør ligg Kjellevand og Vatne. I nord er Kleveland og Lislevand i Evje nabogardane.
Det er to hovudbruk i garden, bnr. 1 og bnr. 2.
I den lokale talemåten er garden mykje kalla «Haugom».
Historie
Garden blei truleg rydda i vikingtida. Han låg øyde etter Svartedauden, og kom i bruk igjen rundt år 1600.
Kjelder
- Vegusdal - Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemnd, 1995, side 307-319