Gyro Heia

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gyro HeiaSymbol unrelated.svg
Gyro Heia Aaneland.jpg
Født: 13. april 1981 (43 år)


Gyro Heia (fødd 13. april 1981) var NAV-leiar i Iveland kommune frå 1. september 2011, då ho overtok etter Signe Gunn Ropstad. Frå hausten 2019 til hausten 2023 var ho ordførar i Birkenes. Ho er den første kvinnelege ordføraren i Birkenes nokon gong. Ho representerer Senterpartiet.

Etter valet hausten 2023 mista Gyro vervet som ordførar i Birkenes. Frå våren 2024 er ho tilsett som moglegheitsutviklar i Bygland kommune.

Gyro bur på Vestre Haukom i Vegusdal i Birkenes, men kjem opphavleg frå Heistad i Bygland. Ho er utdanna barnevernspedagog med tilleggsutdanning i leiing og administrasjon.

Kjelder

Eksterne lenker