Protestfestivalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. august 2024 kl. 05:54 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kort om 2024)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Inge OLsen, leiar av festivalen sidan oppstarten i 2000, på Bygland Kulturscene 31. august 2023.

Protestfestivalen er ein festival som er arrangert i Kristiansand sidan 2000. Målet er å vere «En festival for engasjement; mot likegyldighet og apati, ensretting i samfunnet, den ensporede markedstenkningen og et slapt toleransebegrep». Festivalleiar er Svein Inge Olsen. Han skipa også festivalen i 2000 saman med Kai Erland. Festivalen er politisk og religiøst uavhengig. Han er i hovudsak tufta på dugnad og givarglede.

Kristian Hagestad er rådgjevar for festivalen. Steinar Kyrvestad er styreleiar. Leif Kvinlog er stabsleiar. I festivalen sitt råd (2023) sit Hilde Strømme (leiar), Anne Sissel Sørensen, Ulrika Backas-Olsen og Gloria Berglund.

I 2023 hadde festivalen prolog på Bygland Kulturscene 31. august 2023. I 2024 starta festivalen også med prolog i Bygland, på Bygland Kulturscene, og avduking av statuen «Bjørgulv med stuten» på Prestneset.

Kjelder

  • Festivalmagasinet for 2023 og 2024