Ankjerbekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. januar 2024 kl. 17:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde til bedre kvalitet og lavere oppløsnng)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eitt av dei mange fossefalla i Ankjerbekken hausten 2014. Foto: Geir Daasvatn

Ankjerbekken er ei lita elv som starter oppe på heia aust for Støylen i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ho renn utfor nokre bratte stup nedover i lia rett nord for Støylen, og munnar ut i den større elva Skjerka nede i dalbotnen. Kort etter fell Skjerka saman med Dåsåna, på Samkom.

I følge lokalhistorikaren Oddmund Mogstad tyder Ankjerbekken "bekken mot kjeret". Kjer er ei spesiell innretning for å fange fisk. Ei naturleg forklaring kan vere at det var eit kjer i Skjerka om lag der Ankjerbekken renn ut i henne.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...