Leif Bjørn Tofte

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. januar 2024 kl. 11:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Leif Bjørn Tofte]] (fødd 17. mars 1919, død 9. november 1944) var radiotelegrafist og med i Kompani Linge under andre verdskrigen.

10. desember 1943 blei Tofte saman med tre andre kommandosoldatar sleppt ut frå fly i fjellheimen ved Monsvatna i Rysstadheia/Langeidsheia i Setesdal Vesthei (Operasjon Sandpiper). Gruppa etablerte hovudkvarter for heimestyrkane (Distrikt 18) i ei hytte i Kålvedalen nær Austegard i Åseral.

9. november 1944 gjorde tyskerane ein aksjon mot hovudkvarteret. Ved sida av Leif Bjørn Tofte var Eric Bentsen (XU-agent/Milorg-gruppeleiar) og Alf Øyvind Andersen (telegrafistelev) i hytta då. Dei tre blei overrumpla, men tok opp kampen. Leif Bjørn Tofte døydde i skotvekslinga. Eric Bentsen blei hardt skadd av skot i overarmen. Alf Øyvind Andersen måtte til slutt overgi seg.

Mal:DEFAULTSORT, Tofte, Leif Bjørn