Skorpetveit

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Skorpetveit er ein stad langs Riksveg 9 nord i Valle, aust for Reimarmoen. Skorpetveitfjellet stig stupbratt opp frå dalbotnen.
Kulturminne
Det er synlege spor etter fleire tidlegare vegar i området. Postvegen gjekk ganske høgt oppe i lia her, ovafor dagens Rv-9. Det er også avdekka eit gamalt gardsanlegg, med sikre tufter og mange rydningsrøyser, i bruk i vikingtid og mellomalder. I gards- og ættesoga for Valle er det lagt til grunn at Skorpetveit opphaveleg var ein sjølvstendig gard.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, side 160 og kart nr. 25 bak i boka
- Artikkelen om Skorpetveit på Kulturminnesok.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 396
Eksterne lenker
- Om gamle setesdalsvegen (Postvegen) forbi Skorpetveit på Setesdalssida.no
- Om skogen på Skorpetveit som skjuler så mangt på Setesdalssida.no