Hopp til innhald

Støylsemne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2023 kl. 21:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt mht mulig gard)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Støylsemne er ein støyl i Hylesdalen (Bø-Hylesdalen) i Valle, ved Hylesdalsåni, nord for Stokkestøyl. Her stod ei særmerkt støylsbu. Ho er bygd, truleg på 1500-talet, på same måten som stoga på Rygnestad, og ber merke av at ho er laga slik at ho høver betre til busetnad året rundt enn til støylsbu. Bua blei flytta til Norsk Folkemuseum på Bygdøy rundt 1912–1915.

Tradisjonen seier at det for lenge sidan skal ha vore fast busetnad på Støylsemne. Fleire rydningsrøyser på staden kan tyde på det. Her ligg også Badstoghaugen, som folk har meint kan vere ein gamal gravhaug. Men på Kulturminnesok.no er det sagt at han ikkje er nokon gravhaug. Lokalkjende Gjermund Bø har aldri høyrt at det skal ha vore ein gard her.

Kjelder

Kart