Brokkestøylen Glasskafé & Glamping

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Brokkestøylen Glasskafé & Glamping er ein gourmetrestaurant og eit glamping-tilbod ved Årekroken i Brokke i Hylestad i Valle. Innehavarar er Gro Furset og Erik Berglihn.
Verksemda starta opp i 2016 som ei vaffelbu. I 2022 blei det bygt glasskafé med plass til 50 gjestar innandørs og 200 menneske ute. Glamping-tilbodet er seks Eco-lux-domar, kvar for to personar, og med innlagt vatn og toalett.
Kjelder
- Olav Åsen Haugsgjerd, Satsar på ureist mat, artikkel om Brokkestøylen i Setesdølen nr. 55, 2022, side 4