Kaldsåni kraftverk

Foto: Kirstin Verås
Kaldsåni kraftverk ligg på vestsida av Hartevatnet på Hovden i Bykle. Eigar og operatør er Småkraft AS. Konsesjon til bygging blei gitt av NVE 21. juni 2012. Det er eit elvekraftverk, som nyttar eit fall på 206 meter i Kaldsåni. Installert effekt er 2,8 MW frå ein peltonturbin. Årsproduksjon er 6,3 GWh. Pålagt minstevassføring 1. mai–30. september er 75 l/sek, og 1. oktober–30. april 15 l/sek.